Etter at Solveig hadde fått deler av turen i gebursdagspresang så hadde ho ikkje noko anna valg enn å ordne barnevakt og kommes seg ned til Paris. Ho og Jonny var her i 3 dager frå torsdag 14.juni til søndag 17.juni.

Mulig at ho angra på heile greiene då ho blei sterkt pressa til å eta sneglar til forrett då me var ute på restaurant:-)

Helene og Vegard forsynte seg også av sneglane som smaka relativt godt, men så var dei også sterkt krydra med kvitløk og pesto saus. Til middagen så fekk me servert ein heil fisk kvar. Og sjølv om Helene er godt vant til fisk frå heimbygda så var ho ikkje overbegeistra over å måtte renske sjølv.

Solveig og Helene hadde ein dag med shopping. Det enda blant anna med nytt undertøy til mennene. 
Handleturen blei avslutta med eit glass med champagne. Ser ut til at dei er relativt fornøyd med seg sjølv. 
Me kom oss aldri på Louvre, men det hindra oss ikkje frå å ta eit bilde av den verdenskjente Mona Lisa. Er faktisk lettare å få eit godt bilde i souvenirbutikkane enn inne på sjølve museet. 
Notre Dame ligg så nær der me bur at det er fast innslag på introduksjonsrunden vår.

Her er eine sida av den flotte kyrkja. 
Jonny og Solveig på ei av bruene over Seinen med ein opplyst Notre Dame i bakgrunnen. 
Notre Dame på kveldstid er eit flott syn. "Fyrlykta" til venstre er Eiffeltårnet som har ein roterande lyskaster på toppen. 
Mens Helene var på skulen gjekk me andre ein tur opp i Eiffeltårnet. Ettersom me kom oss avgårde relativt tidlig så var det lite kø og me kom oss kjapt både opp og ned. 
Bilde frå første platå. Er imponerande størrelser på det gigantiske tårnet som er ca 320 meter høgt. Er bra gjort å bygga noko så stort i 1889. 
Jonny og Solveig på toppen. 
Utsikten er det ingenting å klage på. Her mot øst. 
Av ein eller annan grunn ser det her ut til at Eiffel tårnet vokser ut av hovudet på Jonny. Vegard og Solveig ser berre galne ut. 
Jonny og Solveig framfor Eiffeltårnet på kveldstid. 
Vegard og Helene måtte også posere framfor det opplyste tårnet.
















































































