Først av alt får me vel fortelle kva Nou Camp er. For det er faktisk enkelte som ikkje har fått det med seg, eller kva seier du Helene?

Selfølgelig er Nou Camp heimebanen til Barcelona og den er til og med Europas største med ein tribunekapasitet på nesten 100 000.

Litt trasig var det at det var landskampar den helga Leif Erik var på besøk. Dermed vart det kun anledning å ta ein tur på eit tomt stadion. Men for den fotballgalne stordabuen så var det likevel ein stor opplevelse. Og når dagen kunne avsluttast i den gedigne supporterbutikken som låg utanfor så var alt berre velstand. Resultatet blei ein oransje Barcelona drakt i relativt stor størrelse med Ronaldinho trykt i gull på ryggen.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende