av
in onsdag, november 1st 2006 Lagret under:
barcelona,
camp,
chelsea,
fotball,
nou
Denne tirsdagen skulle me egentlig på middagsbesøk til et vennepar her nede, men pga sjukdom vart denne avtalen kansellert.

Då er det jo greitt at det er nok av andre ting å ta seg til her i byen:) Eg har tidligare prøvd å sjå nokon av Barcelona sine kamper på forskjellige uteplasser i nabolaget, men dette har vore ein heller dårlig opplevelse. For det første er det stappfullt av galne supporterer og siden røykeloven ikkje har blitt innført her enda er røyken så tjukk at ein nesten ikkje ser skjermen. Når det i tillegg er fryktelig varmt og klamt så blir det nesten uutholdelig. Då lengter eg faktiskt tilbake til ein plass i sofaen til Skjalgen foran hans 60 tommers store flatskjerm, og med trivelig avstand til kalde pils i kjøleskapet.
Men her nede er da sjølvsagt eit anna alternativ.
Ved å hiva meg på sykkelen tar det meg 10 min å komma opp til stadioen. Kampen mot Chelsea har vore utsolgt i lengre tid, men med ein kapasitet på nesten 100 000 så er det alltid billetter å få utenfor, spesielt dersom ein kjem aleine. Etter ein litt dårlig handel fekk eg meg ein billett til 100 euro (ca 850 kr). Hadde eg venta i 5 min til så hadde eg fått den for 50. Plassen viste seg å vera relativt høgt oppe på eine langsida så eg var litt bekymra for kor mykje eg skulle sjå. Men det er faktisk ein flott opplevelse å sitte høgt oppe og ha full kontroll over spelet. Og dersom ein har nokelunde greitt syn er det ingen problemer å få med seg kven spelarane er.
Ved hjelp av to store monitorer viser dei alle Barcelona sine mål og store sjanser. Motstanderene sine blir derimot forbigått i stillhet.

Her prøver Ronaldinho seg på eit frispark som gjekk rett i muren. Forrige kamp derimot mot Sevilla såg meg og Leif Erik (broren til Helene) at han satte ballen rett i mål.
Chelsea supporterene var plassert heilt oppe i eit hjørne i eit bur slik at dei skulle lage minst mulig trøbbel. Desverre var det dei som fekk mest å juble for ettersom Drogba scora eit urettferdig utligningsmål heilt på slutten. Sjansemessig var nok Chelsea heilt på høyde med Barcelona, men etter at Gudjonson hadde ført Barca opp i 2-1, etter fantastisk forarbeid av Ronaldinho, såg det ut til at dei hadde full kontroll over kampen. Dette var Gudjonsons første mål på heimebane og det var tydelig at han var fornøyd med å sette det inn mot sine gamle lagkamerater. Litt synd at han ikkje fekk muligheten til å bli matchvinnar.

Alt i alt var det ein flott opplevelse å sitte under ein stjerneklar himmel, heilt øverst på ein av Europas største arenaer og sjå kanskje den største kampen som er spela i Spania i haust.
Då får eg heller tåla at bakhjulet på sykkelen min såg ut som eit 8-tall då eg skulle sykle heim. Tydelig at enkelte som gjekk forbi ikkje var like fornøyde med kvelden…
Tips oss hvis dette innlegget er upassende