I og med at me bur for tida bur i Paris, der kunst og kultur står veldig sterkt, har me stor tru på  at me vil bli påvirka av den gode kunstneriske atmosfæren. Forhåpentligvis vil det resultere i at me sjølv kan skapa store kunstverk.

Me var innom diverse museum då me budde i Barcelona og her i Paris var me nylig innom Picasso museet som ligg i nærheten av der me bur.

Her står Vegard og kikker på eit bilde som strengt tatt like godt kunne vore malt av ein 7-åring. Etter å ha lest om Picasso så er det jo klart at mannen hadde ein plan med kva han gjorde, og ikkje minst, han har vist at han virkelig kan male dersom han vil.

Det samme gjeld nokre av dei andre kunstnarane som Miró og Dali. Ser du eit enkeltståande bilde så er det ikkje alltid enkelt å gjette at det er ein stor, kjent kunstnar som har laga det.

Dette kan sjølvsagt brukast som motivasjon for nybegynnarar som oss sjølv. Så lenge me kan gi ein fornuftig forklaring på kva bildet skal forestille er det egentlig likegyldig korleis det ser ut.

Med denne tankegangen i bakhovudet gjekk me derfor ut i parken for å være kunstnarar for ein dag.

Her er eit bilde av ein del av parken som skulle være med å gi oss inspirasjon.

Her er resultatene me kom fram til etter ein times intensiv maling. Det kom faktisk fleire personer bort til oss då me holdt på for å sjå korleis bildene våre blei. Veit ikkje heilt korleis ein skal tolka reaksjoner som Ahhh…mmmmmm, Oh….well… Men som dei gode kunstnarane me var så lata me som me hadde ein overordna plan og fortsatte uten å la oss affisere av publikum. Etterpå var planen å selge bildene i parken, men ettersom det var så fryktelig kaldt så måtte me komme oss heim.

Mulig det er noken i Norge som vil legge inn bud på mesterverkene. Hørte me 15 kr ( då kan me i alle fall få dekke inn litt av kosten på lerretet) ?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende