I tråd med gode gamle folkeeventyr dukka dei 4 vestlandsrypene opp rundt midnatt i Calle Valencia 98 i Barcelona 28. sept.

Til Unni sin minimale overraskelse var det laga eit stramt tidsskjema som blei delt ut ved ankomst og frå fyrste sekund var det full fart! Jentene saug til seg alt av inntrykk og tok opp konkurransen med den japanske turistmarknaden med flittig kamerabruk.
Temperaturen låg heile helga på mellom 25 og 30 grader, så fyrste stopp var heilt opplagt stranda. Der lot alle seg bli knadd litt på av små kinesiske damer som ga ”veeely gooood massage…ooonly cinco eujoooos!” (Til og med Unni med sin aversjon mot massering måtte innrømme at det var ”nesten greit”.)
Etterpå blei utført obligatorisk tur med turistbussen rundt byen for å få eit lite overblikk.. I nitida var alle blitt godt lei, men til jentene sin store skrekk var det nok ein post på planen før middag. La Font Magica… Lys og musikkshowet der var heldigvis nok til å legge all rumling i 4 magar på hylla for ei stund. På kvelden (med nokre forkledd som lettsteikte hummarar) var det fullstendig tapas overload og Marit opplevde mindre drikkeproblem (eller nærmare sagt buksa hennar).
Det tok ikkje heilt av på utefronten før dagen etter. Etter ein lang dag med shopping, Sagrada Familia, Park de le Ciutadelle(med Zoo og paparazzi bilder av albino gorillaen), Barri Gotic, Arc de Triomf og eit kort møte med ANSA stundentar gjekk turen til Tibidabo(også kalla Pompido og andre kreative variantar) Danzatoria. Her trudde vi heile kvelden at vi hadde plassen for oss sjølv og Inngunn leda an for underholdinga med sjølvkonstruerte sugerør-mikrofonar og ”La det svinge”.. Fyrst heilt på tampen blei det oppdaga at ca 500 msk. oppholdt seg i etasjen under.
Innkjøp av trange gullsko viste seg å bære vonde resultat og ein av deltagarane blei stadig observert med ein sko på på La Pedrera(som sto høgst på Ingvild si ønskeliste) den påfølgande morgonen. På ettermiddagen bar turen vidare til Tibidabo for inspeksjona av kyrkja som ruvar over byen..
I god tråd med at alle besøkande skal ha ein gjesteopptreden gjennomførte heile gjengen ein spektakulær opptreden på Las Ramblas på kvelden, med glimrande oppbacking frå Vegard sin onkel Kåre og tante Randi som tilfeldigvis var på gjennomreise. Publikum dansa og song ivirig med og ein større gjeng med gutar song fleire songar tilbake som respons.
Ei usedvanlig trivelig helg blei avslutta brått av ein grytideleg taxi klokka 4 om morgonen og jentene forsvann i hu og hast like fort som dei kom. Satsar på at tankane om ein sparekonto for framtidige jenteturar blir realitet og at ein muligens satsa på besøksturne til Franske trakter på nyåret..
Sissel Kyrkjebø rular J J

Ingen kommentarer In " 4 vestlandsryper susar innom Barcelona "
RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget.
november 1st 2006 at 8:52 am
Ser kjekt ut dette her, men er meir enn litt rysta over innhaldet på sidene. Toppløse damer, “Me love you long time-massasje” og annonse i margen kor polske damer ønsker å få kontakt….
Her oppe i nord er det kuldegrader og sola skin på oss som er att, og den første snøen falt faktisk i går. Ikkje nok til at det la seg, men likevel kaldt og surt for dei som står ute og skal snekre garasje for saltet i grøten.
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
november 1st 2006 at 11:07 am
Uff, dokke har det so kjekt… eg og vil!! Vi skulle så gjerne kome ned til dokke en tur, men det ser ikkje ut til at vi får det til, med skule og alt som høyre småbarnsfamilier til. Even har foresten fått seg jobb i nordsjøen, juhu! Ta en tur innom heimesida vår, http://www.FamHatlenes.piczo.com
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende
november 28th 2006 at 1:04 pm
Hei snuppa!
kjekt å se at du koser deg og får masse besøk! Jeg satser på France til våren, her har vært nok med flyttesjau og jobbsøking siste tiden…Enjoy life!
Stor klem Christine
Tips oss hvis denne kommentaren er upassende