av
in tirsdag, januar 15th 2008 Lagret under: Ukategorisert
Vi er fremdeles litt skjelvne etter gaarsdagens voldsomme opplevelse. Etter ein fantastisk utflukt i helga, der vi tilbrakte fredag kveld og natt i ein Masai landsby og var paa spektakulaer safari i Nogorogoro Laurdag, sto turen for aa klatre opp ein vulkan som heitte Ol Doinyo Lengai natt til mandag.

Turen gjekk til nesten 2700 m.o.h og var kjempetung med 6 timar hard gaaing fraa midnatt og utover. Dei siste par hundre meterane kravla vi nesten rett opp som apekattar.
I foelge Vegard si klokke var vi paa toppen klokka 06.52. Sikta var saa daarlig og det blaaste saa mykje roeyk at vi allereide etter 10 min bestemte oss for aa proeve aa klatre ned igjen…Og HELDIG HELDIGVIS for det…

Ca 10 minutter etterpaa (07.15), daa vi hadde klart aa karre oss omtrent 50 m ned fraa toppen, tordna det oeradoevande fraa vulkanen. Ein svaer skur av steinar (mange paa stoerrelse med fotballar) blei spytta ut fraa vulkanen og suste rett mot oss 4 paa toppen.. Den lokale guiden vaar skrike det vi alle foelte paa kroppen allereide – today we’re gonna die…!!
Vi kasta oss /la paa sprang alt det vi hadde nedover fjellsida( vi nettopp har vore redde for aa klatre opp). Vi springe, detter og rullar oss kast i kast nedover i ei svaer sky av stoev, steinar og aske fraa Vulkanen.
Eg og Vegard og guiden vaar klarer etterkvar paa eit eller ann vis aa kjempe oss til hoegra og ut av den verste skya. Og vi forsetter med nokre halsbrekkande stunt nedover fjellsida i sprekker og skrentar, mens guiden vaar skrik: The lava is coming, the lava is coming!!
I ca en 1 time raste vi nedover det vi kunne en distanse vi hadde brukt 6 t opp paa…Paa ett eller anna mirakuloest vis var vi uskadd ( Vegard har faatt nokre voldsomme skrubb/ smaakutt paa beina, begge rumpene vaare er skrubba ganske godt, og vi er i det heile tatt totalt moerbanka) MEN I LIVE!!!
Totalt var vi 10 stykker oppe paa fjellet(dei andre hadde ikkje naadd toppen og var litt lenger nede enn oss, men befant seg derimot rett nedanfor utbruddet) Vi var sikre paa at dei hadde omkomme….
Redde for nye utbrudd og med en guide som var midlertidig blinda av svovelstoevet brukte vi over en time paa aa manuvrere oss sjoelv i ein labyrint av gamle til tider svaert djupe lavasprekker og tilbake til bilen som stod parkert ved foten av fjellet…
Totalt utmatta fekk vi med stor stor glede sjaa at ein etter ein var komt seg i sikkerhet, og vi kunne endelig tillate oss a reagere paa heile hendelsen.
Siste mann, som var med oss paa toppen, hadde skada begge anklane etter ein lang farefull ferd i gamle lavarenner (lavaen var heldigvis svaert begrensa og paa andre sida) og blei hjelp ned det siste stykket av den modige sjaafoeren vaar.
Mediedekning:
For aa faa inn litt pengar som me kunne gi til guidene som no vart staande uten jobb sendte me nokre bilder og historien til BT. Etter kvart var det fleire som vart interessert saa dei blei mykje oppstyr. Her er nokre av artiklane som var skrevne:
BT http://www.bt.no/lokalt/bergen/article480669.ece
Dagbladet http://www.dagbladet.no/nyheter/2008/01/20/524414.html
Expressen (Sverige) http://www.expressen.se/nyheter/1.1012462/vi-horde-ett-dan
Nettavisen http://www.nettavisen.no/verden/article1548953.ece

Tips oss hvis dette innlegget er upassende